Om oss

Bedriften i dag

Sylvverkstaden til Trygve Rysstad er i dag ein av dei største handverksbedriftene i landsdelen som har spesialisert seg på handlaga agder-og telemarksylv. Dette er søljer som er brukte til bunader, men verksemda designer også nye smykke inspirert av dei gamle modellane. Ei godt laga sølje er eit smykke som går i arv i generasjonar, og er eit kjært minne for den som arvar dei.