Aust-Telemark dame

Til Aust-telemarkbunadene er det vanleg å bruke halsring, slangesylje med eller utan lauv, bolesylje, mansjettar på armane og maler på livet. Malene er berre til pynt og kan brukast med eller utan lauv. Byggkornsylje kan brukast som mellomsylje eller alternativ til halsring. Bøheringsringen kan brukast som mellomsylje. Beltespenne er ikkje nødvendig, men mange vil gjerne ha den ekstra utsmykkinga. Jakkespenne til kufta har ein funksjon, men er ikkje nødvendig. Veskelås høyrer til. Ein kan bruke oxydert eller forgylt sylv.

Viser 1–16 av 51 resultater