Bunadsølv Agder
Aust-Agder og Vest-Agder
Aust-Agder og Vest-Agder
Til skjorta skal ein ha halsknapp og mansjetter på armane. Under halsknappen kan ein bruke lita eller stor lauvsylje. Som hovedsylje brukar ein bolesylje. På livet skal det vere 6 maler med lauv og snøreband med 2 spjot. På belte skal det være beltespenne. Sylvet skal vere kvitt og forgylt.
Til skjorta skal ein ha halsknapp og mansjettknappar på armane. Under halsknappen skal ein bruke ein bringering. Som hovedsylje kan ein bruke bolesylje. Hjartesylje kan ein også bruke. På livet skal det vere maljeband med 10 ringar. Snøreband med 1 spjot høyrer med. Til sjalet treng ein sjalnål. Stakken vert halden oppe med 3 knappar. Det høyrer også med veskekrok. Alt sylvet er vanlegvis kvitt.
Dette treng du til herrebunaden: halsknapp, mansjettknappar, hornring eller hjartesylje, 12 store knappar, 18 små knappar, 5 flate roseknappar, klokkeband, knespenne. Alt sylvet er vanlegvis kvitt.