Setesdalsbunad Kvinne Stakka

Til skjorta skal ein bruke halsknappar, og på skjortearmane doble hollenderknappar. Desse skal vere blankpolerte. Nedanfor halsknappen skal det være to syljer. Det vanlegaste er bolesylje og lauvsylje. Her er mykje å velge mellom, anten forgylt eller i ein kombinasjon med forgylt og blankpolert. Den største sylja skal alltid øvst. Til å feste kvitstakken framme i bringa kan ein bruke eit mindre linehekte, og til svartstakken kan ein gjerne bruke maljehekte. Til vevd belte skal ein ha beltespenne. Dette bør vere tofarga med gravert kant, eller ein kan velje eit malehekte med graverte lauv med eller utan steinar. Til blåkufta skal det vere 14 eller 16 hollenderknappar. 4 på kvar arm, og 4 eller 5 framme. For å lukke kufta må ein bruke svikla med erteband, gravert krosslauv i ein ende og spjot i andre enden. Her kan ein også hengje på liten gravert kross. Alt dette skal vere blankpolert.

Setesdalsbunad Herre Skinnfu/Dalebukse

Til skjorta skal det vere halsknapp i halsen, og doble ermeknappar til armane. Under halsknappen kjem så ein hornring. Denne skal vere forgylt. Til buksene treng ein 24 eller 26 hollenderknappar. På “loket” er der 4 knappar på kvar side, og på vesten er der 4 eller 5 knappar på kvar side. Nederst på buksa er det 4 knappar på kvart buksebein. På vesten høyrer det til eit vestespenne. Som oftast skal dette vere to-farga, der spenna er forgylt og hjarta er kvitpolert.